- McRazzia - Vi tar tempen på mediabilden utan att skriva läsarna på näsan vad Ni ska tycka. Även filmer, forumtrender & en hel del ren nonsens.. Allt dukat huller om buller i den ordning sidan fick in materialet + repriser. Lämna gärna en kommentar. Väl mött gott folk. McRazzia666@gmail.com
onsdag 3 december 2014
Frå bonde til Hells Angels-president
Per T. Høyland (54) seier han er ein lovlydig borgar. Men dersom nokon hadde stole bilen hans, ville han ikkje kontakta politiet.
– Eg må ha ein røyk. Er det nokon som har ein røyk?
Det er 30. juli og Per T. Høyland har nett landa mikroflyet sitt på eit jorde ved Orrevatnet på Jæren.
Alle som har samla seg rundt Høyland, dei fleste menn, tar seg til
lommane. Dei nærmast kappar om å vera den første til å putta ein
sigarett i munnen hans og tenna den opp.
Han takkar og tar seg eit godt drag av sigaretten.
– Nå har eg det heilt perfekt, seier han.
Høyland og navigatøren hans, Håkon Fosso, har vore i lufta i litt over
to timar og blir nå tekne imot som heltar. Lyden av jubel og applaus er
heilt på nivå med lyden av flymotoren.
På dagen 100 år etter den norske flypioneren Tryggve Gran gjorde den
same reisa, har dei flydd om lag 450 kilometer frå Cruden Bay i
Skottland til Reve på Jæren. Dei har gjort det for å heidra Gran.
På grassletta står både pressefolk, familie, venar og andre
nysgjerrige. Etter kvart kjem også fleire småfly til og landar på stripa
for å gjera stas på bragda som nett har blitt gjennomført.
Jordet på Jæren har blitt åstad for ein folkefest.
I folkemassen, som stadig veks, finn ein også ein liten gjeng svartkledde menn.
Dei held seg litt i bakgrunnen, men hadde flyturen enda i katastrofe hadde desse svartkledde mennene hatt ei nøkkelrolle.
– Alle hadde visst kva dei skulle gjera. Det er ein eigen plass på
klubbhuset der urna mi og eigedelane mine skal vera. Og det skulle blitt
arrangert full fest, eg ville ikkje hatt noko syting, fortel Høyland.
For sjølv om det var eventyraren, familiemannen og flyentusiasten Per
T. Høyland ein kunne lesa om i overskriftene dagen etter flyturen, er
det ei anna side ved han som er vel så viktig for kven han er.
Dei held seg litt i bakgrunnen, men hadde flyturen enda i katastrofe hadde desse svartkledde mennene hatt ei nøkkelrolle.
– Alle hadde visst kva dei skulle gjera. Det er ein eigen plass på
klubbhuset der urna mi og eigedelane mine skal vera. Og det skulle blitt
arrangert full fest, eg ville ikkje hatt noko syting, fortel Høyland.
For sjølv om det var eventyraren, familiemannen og flyentusiasten Per
T. Høyland ein kunne lesa om i overskriftene dagen etter flyturen, er
det ei anna side ved han som er vel så viktig for kven han er.
Høyland er president i Hells Angels MC Stavanger, og i den verda er dei svartkledde mennene brørne hans.
Per T. Høyland har køyrd motorsykkel frå han var åtte år. Då hadde
han ein Sachs på 175 kubikk. Han gøymde den i skogen for lærarane og for
foreldra. Framleis kjenner han seg fri når han køyrer motorsykkel.
Foto: Tom Edvindsen / NRK
– Dei stiller opp på
ein heilt annan måte enn samfunnet elles, både på positive og negative
ting.
Me er som ein stor familie, forklarer han.
I 1986 fekk han sin andre son, og han tok over gardsdrifta etter foreldra.
– Eg hadde gleda meg til dette. Det var alltid klart at eg skulle føra
garden vidare, sidan eg er eldst, fortel han ein mannsalder seinare, frå
sofaen heime på den same garden.
Sjølv om han var heiltidsbonde
nå, fann han likevel tid til MC-klubb. Han hadde nå bytta over til ein
klubb med namn Rett Vest, som heldt til i eit gamalt bryggeri på Bryne.
– Alle venene mine køyrde
sykkel, og eg hadde sjølv køyrt sykkel sidan eg var åtte år. Derfor var
det naturleg å vera med i klubb. Me hadde mykje sosialt saman i tillegg
til køyringa, fortel han.
I 1993 blei også familien utvida med
ei dotter. Men trass lukke i familielivet, så blei ikkje livet som bonde
heilt det Høyland hadde håpa på. Han dreiv stort med både gris og kyr,
men han ville driva endå større.
– Det blei for mykje byråkrati
for meg. Det gjekk på restriksjonar på mjølkekvotane og det handla om
tak på kor mange grisar eg kunne ha. Eg hadde kapasitet til å levera
langt fleire grisar, men det fekk eg ikkje lov til.
I MC-klubben var ting langt friare.
– Det var samhaldet og brorskapet som fascinerte meg mest. Alle stilte opp for kvarandre, slår han fast.
Rett Vest blei etter kvart til Highlanders, og for Høyland gjekk turen
vidare til Hells Angels, der han blei medlem i 1999, berre tre år etter
at Stavanger og Oslo hadde fått fullverdig medlemskap i Hells Angels MC
World.
– Korleis var det å få vesten på første gongen?
– Det var veldig stort. Du må oppleva brorskapet for å forstå det.
Dersom du har kone og barn som du er glad i, så er det på same måten.
– Kva betyr HA for deg?
– Klubben betyr alt for meg.
To år etter at Høyland kom inn i Hells Angels, slutta han som bonde.
Han blei buande heime, men det er sønene som har drive garden vidare.
Han har blitt bestefar til tre, og nå jobbar han som avdelingsleiar i
bedrifta Norsk Overflateteknikk på Bryne.
Utanfor stovevindaugo
har Per bygd ein eigen flyplass for mikrofly, som er den største
interessa hans etter MC. Det er her han har lagt ned timar og år med
trening og mekking på flyet sitt, for å klara turen over Nordsjøen.
Men nå handlar det om mannen som kombinerer familieliv med
presidentrolle i ein av MC-klubbane som stadig er i politiet sitt
søkjelys.
Me ber Høyland om å ta oss med til Hells Angels Stavanger sine lokale på Braut i Klepp kommune.
Kriminelle element
Ei tjukk dør av stål skil HA frå omverda. Når me kjem inn, går me opp
ei trapp. Veggane er fulle av bilete av bikerar og logoar, i tillegg
til fleire skjermar som tar inn overvakingsvideo frå utanfor lokala.
Første platå ser mest ut som ein lounge, med fleire sofaer av skinn, på
neste platå er eit svært ovalt bord med fleire skinnstolar rundt.
– Dette er «privaten» for medlemmar i Hells Angels, forklarar Høyland.
Det vil seia fullverdige medlemmar. Om lag hundre på landsbasis og litt over 20 i Stavanger.
Medlemsrommet er likevel berre ein liten del av det store huset. I
kjellaren har dei mekkerom for syklane og eit svært pub-liknande lokale
med biljardbord og alt anna som høyrer til.
Per T. Høyland inne på klubblokalet på Braut. Bilete er henta frå NRK.no sin dokumentar «På skjøre vinger over Nordsjøen».
Foto: Mathias Oppedal / NRK
Når det blir
arrangert festar her står politiet stundom nede ved vegen og held
kontroll på tilstrøyminga. I fjor blei svært mange tilreisande viste
vekk.
Høyland set seg ned i ein av skinnstolane og tenner seg ein røyk. I
lokalet er det to andre uniformerte menn. Dei tilbyr wienerstong og
kaffi.
– Er de gangsterar?
– Nei, det kan eg
seia blankt nei på. Me er i jobb nesten alle saman her. Sikre, gode
jobbar. Me står opp om morgonen og har familie, nett som ein vanleg
mann. Den einaste skilnaden på deg og meg er at eg er uniformert og
ikkje du.
– Men politiet meiner vel at de driv med mykje kriminalitet?
– Det er veldig viktig å definera kva som er ein kriminell
organisasjon. I alle samfunn og organisasjonar vil du ha kriminelle
element, men det er ikkje dermed sagt at det er organisert kriminalitet.
Og det må presiserast at Hells Angels aldri er dømd for organisert
kriminalitet.
Hells Angels er likevel opne om at dei er ein
einprosentklubb. Ifølgje politiet er dette MC-klubbar som stiller seg på
utsida av det normale samfunnet. MC-klubbane er ein prosent, medan
resten av samfunnet er 99 prosent.
Sjølv om HA ikkje er heilt samd i denne definisjonen, ville Høyland
til dømes ikkje gjort som andre samfunnsborgarar, dersom han hadde blitt
utsett for tjuveri.
– Viss du vakna i morgon og bilen din var stolen, ville du då ringt til politiet?
– Det første eg tenker er: 'Det var då som satan'. Men eg ringer ikkje politiet.
– Kvifor ikkje?
– Eg føler vel at det går i same skuffe som alt det andre, det blir
lagt bort. Og eg har såpass gode kontaktar at me nok skulle funne bilen
att før han kom seg til Mandal.
– Kva ville du gjort?
– Eg hadde teke nokre telefonar rundt til venar og kjende, så skulle me nok funne bilen.
Høyland er viss på at det ikkje skulle blitt eit problem, men går
ikkje meir inn på korleis dei skulle gått fram. Han stumpar sigaretten
sin.
Politiet har dialog med HA
På politiet sine lokale i Lagårdsvegen i Stavanger blir ikkje Bjørn
Vidar Bollestad særleg overraska over at Høyland ville late vera med å
kontakta politiet viss nokon stal frå han.
Bjørn Vidar Bollestad jobbar med organisert kriminalitet i Rogaland. Hells Angels er eitt av miljøa dei held oppsyn med.
Foto: Mathias Oppedal / NRK
– Det seier vel noko
om kva tiltru han har til oss. Dessutan seier det noko om at dei har
sine eigne måtar å ordna opp i ein del forhold, seier han.
Bollestad er leiar for seksjonen i Rogaland politidistrikt som jobbar
med organisert kriminalitet, og me vitjar han på kontoret hans. Eitt av
fokusområda deira er det såkalla einprosentmiljøet, som består av fire
MC-klubbar i Rogaland, der Hells Angels er størst.
– Kva er ditt forhold til Høyland?
– Me har jo begge levd ein del år, så eg kjenner han jo litt. Me har
hatt møte med han, og me har ting som me ikkje er heilt samde om,
spesielt når det kjem til festane som HA arrangerer. Denne usemja blir
stundom framstilt som ein konflikt, eg vil ikkje seia at det er ei
konflikt, men ei viss usemje er det jo mellom politiet og HA, seier han.
Einprosentklubbar i Rogaland
Leiar for seksjon for organisert kriminalitet i Rogaland
politidistrikt Bjørn Vidar Bollestad fortel at einprosentmiljøet i
Rogaland består av fire klubbar:
Hells Angels MC
Satudarah MC
Gremium MC
Gypsy Jokers MC
Han håper at han kan ha fleire møter med Per for å få avklart korleis dei skal handsama HA-festane på ein lovleg måte.
– Det handlar mellom anna om definisjonen av eit lukka selskap.
Høgsterett har nyleg sagt ein del konkret om dette, og dette hadde det
vore interessant å snakka meir med Per T. om.
Sjølv om det finst ein dialog, er Bollestad klar på kva politiet meiner om einprosentmiljøet.
– Grunnen til at me har fokus på miljøet er at dette er
internasjonale klubbar som i stor grad blir styrde av eigne reglar. Det
som skjer i utlandet har i stor grad verknad på det som skjer her.
Basert på erfaring så veit me at det har vore mykje kriminalitet knytt
til einprosentmiljøet. Det har vore stor grad av opne konfliktar dei
seinare åra i Danmark. For berre nokre dagar sidan blei ein president i
Bandidos skoten i Malmö. I tillegg har me alvorlege saker som er avdekte
i Norge og lokalt opp gjennom åra, seier han.
– Er Hells Angels kriminelle?
– HA er ikkje ein kriminell klubb. Det er ein lovleg klubb, men dei
er ein einprosentklubb, og grunnen til at me er interesserte i dette og
fokuserer på miljøet, er at det har vore svært mykje alvorleg
kriminalitet utført av folk som er innanfor desse systema.
Noko av det farlegaste med Hells Angels meiner politiet har noko å
gjera med ein aura av frykt, som Bollestad meiner dei spelar på.
– Dei spelar på frykt ved å uniformera seg, og dei har eigne reglar i
samanheng med å ikkje fortelja noko til politiet. Vitne er livredde for
å stå fram på grunn av denne fryktauraen. Det er eit faktum, slår
Bollestad fast. – Kva tenker du om at Høyland får så mykje positiv medieomtale i samanheng med flyturane sine?
– Det er betre at han får merksemd rundt sunne interesser, i
motsetnad til presidentkollegaene hans i Oslo, Trondheim og Tromsø, som
får merksemd og omtale på grunn av alvorleg kriminalitet. Så opp mot det
er det jo positivt, så lenge han driv på med sunne og lovlege
interesser.
Per les eit dikt som kona skreiv til han på 40-årsdagen. Han er inne på sitt private museum i huset deira på Høyland.
Foto: Mathias Oppedal / NRK
– Eg har alltid vore ein sterk motstandar av narkotika. Eg har aldri
prøvd det, og eg er aldri dømd for det. Det synst eg er veldig gode
verdiar, som eg har fått med meg frå heime og har gitt vidare til barna
mine, svarer Høyland frå skinnstolen inne i klubblokalet på Braut, når
me spør han om forholdet hans til narkotika. – Nokon vil kanskje meina at det er rart at presidenten i HA seier dette?
– Eg er stolt over å vera motstandar av narkotika. Brorskapet i Hells
Angels er ikkje bygd opp rundt narkotika, slik mange kanskje trur. Det
er også viktig å vera klar over at mange misbrukar namnet vårt, me har
eit namn som er heilt på høgde med Coca-Cola. – På kva måte misbrukar dei namnet?
– Det kan vera knytt opp til pengeinnkrevjing, sal av narkotika og slikt. – De driv ikkje med den slags?
– Nei. – Aldri?
– Det kan henda at enkeltelement i klubben har drive med det, det kan ikkje eg gå god for. Men det er ikkje noko me driv på med. – Ville du godteke det som president?
– Nei.
– Er det andre ting du ikkje godtar?
– Når du er president i HA må du ha eit veldig stort rom for både positive og negative ting. Du må ta alt som ei pakke.
Når det kjem til sakene som har vore på andre HA-kontor, vil ikkje
Høyland seia nokon ting om dette. Han seier likevel at han blir flau av
all negativ omtale som råker Hells Angels gjennom media. – Kva legg du i ordet einprosentklubb?
– Det er ein gamal myte som heng att frå gamalt av og eg trur den myten berre må liggja der han ligg. – Er det viktig at det er ein myte rundt dykk?
– Det skal vera ein myte. Du kan kalla det eit lukka miljø eller eit
ope miljø, men det skal vera ei myte. Du har fleire trussamfunn,
frimurarlosjar og slikt noko. Her får du heller ikkje heile innsynet, og
det ligg kanskje eit regelverk i botn og folk blir forvitne på det. Så
lenge folk lurer på ein ting, så blir det ei myte. – Er det viktig?
– Ja, det skal vera ein myte. Slik er det berre? – Er det greitt at folk er redde for dykk?
Nei, det er ikkje greitt i det heile. Me har hatt ope hus fleire
gonger for vanlege folk som kan koma her og få omvising, og me køyrer
også fredagskafe på vinterhalvåret. Då kan folk koma her og drikka
kaffi.
Jane Høyland og Per har vore gifte sidan dei var tenåringar. Ho liker
ikkje at mannen driv med ekstremsport, som flyging over Nordsjøen, men
at han er med i MC-klubb går heilt fint.
Foto: Mathias Oppedal / NRK
Fekk ikkje adoptera
Avslag frå Statens ungdoms- og adopsjonskontor 2000.
Per T. Høyland seier altså at han er ein lovlydig borgar, og at dette
også gjeld dei fleste andre i Hells Angels. Politiet slår også fast at
det finst mange medlemmar av HA som dei aldri har hatt problem med, og
at det er fullt lovleg å vera ein del av klubben.
Likevel har koplinga til kriminalitet og uvissa om kva Hells Angels
eigentleg er, kosta svært mykje for Høyland og kona på det personlege
planet.
– Tenk deg livet mitt som ein hotellkorridor med opne dører. Når eg
går nedover korridoren, høyrer eg dørene smekka att ei etter ei. Og til
slutt er det eit fåtal dører som står opne for meg, seier Per, som nå er
tynga av alvor. – Og det er på grunn av Hells Angels?
– Ja. – Kva dører er det som har lukka seg?
– Det handlar om jobbmoglegheiter og venskap du har hatt frå du var
liten. Og det handlar om familie, nokon gonger er du heilt avskoren.
Det er spesielt éi hending han tenker på. På slutten av 90-talet, då
Høyland og kona nærma seg førtiåra, ville dei utvida familien ved å
adoptera eller ta til seg eit fosterbarn.
– Dei eldste borna våre hadde byrja å flytta ut, og me følte oss såpass unge at me kunne hjelpa til litt i samfunnet.
Derfor søkte dei hjå styresmaktene. Men både søknaden om adopsjon og
om fosterbarn blei avviste på grunn av Høyland sitt medlemskap i Hells
Angels. I brev frå Statens ungdoms- og adopsjonskontor, datert 22. mars
2000, blir det slått fast at alt ligg til rette for at dei kan adoptera,
men at HA-medlemskapet er avgjerande.
Her er eit utdrag frå brevet:
Avslag frå Hå kommune i 2003.
« ... Statens
ungdoms- og adopsjonskontor har funnet det nødvendig å innhente
opplysninger om Hells Angels. Av disse fremkommer at Hells Angels har
preg av til dels å være en kriminell organisasjon. De opplysninger vi
har fått indikerer at så vel opptaksvilkår som fullt medlemskap krever
ulike grader av kriminelle handlinger. Selv om mannlig søker ikke har påtegninger på sin politiattest og
øvrige forhold i familien skulle ligge til rette for adopsjon, finner
vi at medlemskap i en organisasjon som Hells Angels ikke er forenlig med
adopsjon. På overnevnte grunnlag avslås søknaden om forhåndssamtykke til adopsjon av et barn fra utlandet.»
I 2003 avslo også Helse- og sosialetaten i Hå kommune søknaden om å bli fosterforeldre, med nærmast identiske formuleringar.
– Det er veldig dumt at det skal vera slik. Det var nok tyngst for
Jane, men eg tenker av og til på det. Og spesielt når det nærmar seg
jul. Det er mange som ikkje har det så bra her i verda, og me ville
hjelpa til, seier han.
Livet som førstedame
– Har Jane ofra mykje for deg?
– Garantert har ho ofra mykje, slår Høyland fast.
Me har flytta oss til heimen til Jane og Per Høyland. Her inne er det
Jane som er sjef, utanom eitt rom som Per har gjort om til eit
MC-museum. Det store lyse kjøkkenet med mange heimesnikra møbel er Jane
si forteneste.
– Eg liker interiør, snikring og måling, det er hobbyane mine. Dei er ikkje like ekstreme som Per sine, seier ho og ler.
For sjølv om Hells Angels-medlemsskapet til mannen gjorde at dei
ikkje fekk adoptera, er Jane svært glad for at Per er den han er.
– Eg bryr meg ikkje om kva folk på utsida seier; så lenge me har
kvarandre og så lenge det fungerer heime, så er alt fint. Eg er glad for
at me har kvarandre, og me er framleis forelska. Det har berre blitt
sterkare med åra, seier ho.
Dei to har nyleg feira 35-års bryllaupsdag, og dei møtte kvarandre i
konfirmasjonstida. Sjølv om ekteskapet er sterkt, seier Jane at det er
visse utfordringar med å vera gift med Hells Angels-presidenten.
– Han er ein villmann, men ein veldig jordnær, grei og omtenksam
villmann. Han er ikkje farleg, men han har mange idear som han
gjennomfører. Det er kanskje den største skilnaden på han og mange
andre: han gjennomfører. – Kva meiner du med det?
– Til dømes denne flyinteressa og turen over Nordsjøen. Eg syns jo ikkje at det er like greitt. Det er ganske ekstremt.
Likevel set ho seg ikkje på bakføtene.
– Ein må både gi og ta. Han gjer sine ting og eg gjer mine ting.
Per har lova Jane at han skal roa ned flyginga i 2016 og at dei då skal gjera fleire ting saman.
– Det gler eg meg veldig til. Me skal køyra bubil i England, og eg
skal handla på antikvitetsbutikkar langs vegen. Me kan festa på ein
hengar, slik at Per kan få med seg motorsykkelen, seier ho.
Per er samd. Etter 35 års ekteskap meiner han det er på tide at dei
bruker meir tid på kvarandre. Han meiner at dei også har funne ein
viktig leveregel.
– Me plar seia at livet er for kort for to ting: å krangla og å spela golf, seier han.
Begge to ler høgt.
Skal aldri ut av HA
Trass motgang vil aldri Høyland melda seg ut av klubben.
– Eg melder meg ikkje ut for å tilfredsstilla kommunen. – Tenker du aldri at «dette er ikkje HA verd»?
– Nei, eg har faktisk ikkje det. Motstanden fører faktisk berre til
at eg blir eit sterkare medlem i HA. Dei har heller fått meg over i
motsett retning, eg har blitt sterkare og eg har vakse på det, slår
Høyland fast. – Du er 54 år, er du i HA om ti år?
– Det er garantert. – Om 20 år?
– Det er også garantert. – Kvifor?
– Som sagt er det ein plass her nede til urna mi, om eg skulle vera så uheldig å daua.
Inga kommentarer:
Skicka en kommentar