onsdag 9 mars 2011

Rockefestival pressa til MC-motstand

Norway Rock Festival i Kvinesdal er den første norske musikkfestivalen som tek avstand frå kriminelle MC-klubbar. Festivalen føler seg pressa til å gå imot sitt eige publikum fordi dei fryktar å miste 1 million sponsorkroner.

– Vi har ikkje teke initiativ til dette, men kommunen stiller krav til at samarbeidspartnaren stiller opp og støttar kommunen i denne kampen, seier presseansvarleg i festivalen, Åse Gjelsten Versland til NRK.no.
 
– Konsekvensane er at Norway Rock rettar seg etter dei føringane som ligg i vedtaket gitt av Kvinesdal i dag, og elles føringane vi får frå politiet, seier ho.
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.7540666

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar