onsdag 30 mars 2011

Vil snappe lokale frå MC-klubbar

Politikarane i Kristiansand vil gjere det dei kan for å kjøpe eit lokale føre nasa på eit kriminelt MC-miljø. På denne måten skal kommunen hindre at uønska motorsykkelmiljø får etablere seg i kommunen.

– Det er ganske uvanleg at bystyret vedtek uttalelsar eller resolusjonar. Det gjer vi berre når det er ytterst spesielle og viktige saker, seier varaordførar Mette Gundersen til NRK.no.

Ville starta butikk

– Det handlar om å gi tilslutning til politiarbeidet. Det handlar om å vise for politiet og andre at vi står bak dei i denne kampen og også gi eit signal på kva vi tykkjer er viktig å prioritere i kriminalførebyggjande arbeid, seier ho.

Tidlegare denne veka kom det fram at motorsykkelklubben Hells Angels prøvde å starte ein tatoveringsbutikk i Kristiansand. Her greip politiet inn og forhindra at avtaler vart inngått.
Mette Gundersen viser til at også kommunen har bidrege til liknande tidlegare.
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.7571680

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar