torsdag 31 mars 2011

Politiet lærer av danskane - video

Bergenspolitiet har lenge følt seg truga av aukane aktivitet i MC-miljøa som lever på kant med lova.
Med hjelp av danske politikollegar skal det no bli slutt på.

Kvitvasking av pengar stort problem

Målet med samarbeidsprosjektet er nemleg å få bukt med straumen av narkopengar som ifølgje politiet si etteretningsteneste går gjennom støtteklubbane – før pengane endar opp i hendene på klubbar som Bandidos og Hells Angels.

Slår alarm om "prøvemedlemmer"

Den siste tida har fleire MC-klubbar i Bergensområdet, mellom anna på Sotra der nyetableringa vekkte store protestar i lokalmiljøet, vorte såkalla støttemedlemmer av Bandidos og Hells Angels. Slik meiner politiet at dei verkeleg hardkokte kriminelle får eit unikt høve til å kvitvaska inntekter dei får frå lyssky verksemd som dopsal og prostitusjon.
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.7573391

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar