torsdag 18 april 2013

Hells Angels fyller domkyrkja

Kripos omtalar Hells Angels som ein kriminell bande og viser til at mange personar tilknytt klubben er dømt for kriminalitet som grov vald, valdtekt og narkotikabrot. No kjem opp mot 800 Hells Angels-medlem frå heile verda for å heidre kamerat som skal gravleggjast i Oslo domkyrkje, melder TV 2.

– Det er ingen motsetningar i bakgrunnen til klubben og den avdøde, og det at vi opnar dørene for denne gravferda i omkyrkja. Kristendommen handlar om å vere open og tilby alle grupper menneske eit håp, seier domprost Anne-May Grasaas til Vårt Land.

250 motorsyklar.
 For dei fleste blir domkyrkja i Oslo assosiert med kongelege bryllaup og store offentlege gravferder, sist av Høgre-politikar Inge Lønning. Da blir fredagens gravferd ganske annleis, når Hells Angels skal ta farvel med sitt respekterte medlem. Den avdøde 35-åringen var fullferdig medlem i klubben i ti år, skriv TV 2.

Før gravferda skal rundt 250 motorsyklar køyre i kortesje frå motorsykkelklubbens lokalar i byen til domkyrkja. Etter gudstenesta vil kortesjen følgje båra til Østre Aker gravlund der 35-åringen skal gravleggjast.
http://www.vl.no/troogkirke/hells-angels-fyller-domkyrkja/

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar