torsdag 17 mars 2011

VIDEO - Asfalten rundt Bergen rådhus lagt av uønska MC-medlemmar

Asfalten utanfor Rådhuset i Bergen er lagt av prøvemedlemmar i Bandidos.

Bergen kommune har erklært krig mot Hells Angels og Bandidos. Likevel kjøper dei tenester av uønska MC-medlemmar.

Asfalten rundt Rådhuset er lagt av Bergen Asfalt Service.

Lensmann i Sund, Askøy, Fjell og Øygarden, Odd Dale, stadfester at fleire i asfaltfirmaet er prøvemedlemmar i Bandidos. Det går også fram av jakkemerka og klubben sine heimesider.

Lensmannen er ikkje imponert over kven Bergen kommune har gitt asfaltoppdraget til.

- Det er jo dei same som asfalterer og er medlemmar i MC-klubben. Asfaltlegging er vel og bra, men dei bør kutta ut den motorsykkeldelen der dei heng rundt Bandidios, seier lensmannen. 
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.7553897

Inga kommentarer:

Skicka en kommentar