HAUGESUND: Nabokommunar støttar Haugesund sitt MC-vedtak. Stord, Karmøy, Sveio og Tysvær tar opp saka.
– Me seier klart nei til etablering av einprosentklubbar i kommunen vår, og har nett skrive under på saka. Den skal opp i formannskapet 7. februar, fortel Jorunn Skåden, ordførar i Sveio kommune.
– Me vil rosa Haugesund kommune som har gått foran i denne saka. Etter oppfordring frå politiet er det vår plikt og ansvar å ta opp problemstillinga. Så det har me gjort, seier Skåden.
– Mange kommunar melder om oppblomstring av slike klubbar. Politiet gjer ein kjempejobb for å kjempa mot slik etablering, men dei kan ikkje gjera alt. Me trur kommunane og kan gjera mykje, seier direktør i KS, Sigrun Vågeng, til nrk.no.
Kommunane Stord, Karmøy og Tysvær har ikkje fatta skriftlege vedtak som Haugesund kommune, men presiserer at og dei tek sterk avstand frå etablering av kriminelle MC- miljø.
– I den grad me har diskutert dette i formannskapet, er det stor vilje til å legga seg på den linja Haugesund kommune har gjort. Me har tett kontakt med politiet. Dei vil gje oss beskjed så snart her er noko å vera ekstra merksame på, fortel Liv Kari Eskeland, ordførar i Stord kommune.
http://www.h-avis.no/nyheter/haugesund-far-ros-1.5991866
– Me seier klart nei til etablering av einprosentklubbar i kommunen vår, og har nett skrive under på saka. Den skal opp i formannskapet 7. februar, fortel Jorunn Skåden, ordførar i Sveio kommune.
– Me vil rosa Haugesund kommune som har gått foran i denne saka. Etter oppfordring frå politiet er det vår plikt og ansvar å ta opp problemstillinga. Så det har me gjort, seier Skåden.
Politiråd
Også KS (Kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon) vedtok nyleg å be alle kommunar i landet erklæra MC-kriminelle miljø for uønska.– Mange kommunar melder om oppblomstring av slike klubbar. Politiet gjer ein kjempejobb for å kjempa mot slik etablering, men dei kan ikkje gjera alt. Me trur kommunane og kan gjera mykje, seier direktør i KS, Sigrun Vågeng, til nrk.no.
Kommunane Stord, Karmøy og Tysvær har ikkje fatta skriftlege vedtak som Haugesund kommune, men presiserer at og dei tek sterk avstand frå etablering av kriminelle MC- miljø.
– I den grad me har diskutert dette i formannskapet, er det stor vilje til å legga seg på den linja Haugesund kommune har gjort. Me har tett kontakt med politiet. Dei vil gje oss beskjed så snart her er noko å vera ekstra merksame på, fortel Liv Kari Eskeland, ordførar i Stord kommune.
http://www.h-avis.no/nyheter/haugesund-far-ros-1.5991866
Inga kommentarer:
Skicka en kommentar